top of page

PERSONVERN POLICY

Under finn du Sunnfjord Booking sin personvernpolicy. Denne inneheld informasjon om korleis vi samlar inn, brukar, delar og vernar personopplysningar.

1. Ansvar for personvern

Nettstaden www.sunnfjordbooking.no, og sosiale mediar tilknytt Sunnfjord Booking,

er eigd og drive av Rørvikfloten AS, Rørvikfloten, 6818 Haukedalen, Noreg.

Dersom de har spørsmål knytt til personvern kan de sende e-post til sunnfjordbooking@gmail.com.

 

Send e-post til sunnfjordbooking@gmail.com dersom de ynskjer oversikt over all data nettsida har samla inn om deg eller dersom de ynskjer å få dataen sletta. Vi vil då hente ut denne informasjonen i frå Wix etter at vi har fått bekrefta din identifikasjon. Wix er ein webutviklingsplatform vi har nytta for å utvikle vår nettside.

 

Sunnfjord Booking er ansvarleg for korrekt behandling av personopplysningar og vi lagrar og behandlar desse i samsvar med personvernlova. Vi har ikkje ansvar for korleis eksterne aktører, som vi samarbeidar med og som du kan velje å nytte når du besøker vår nettstad, lagrar og behandler personopplysningar.

2. Wix sin behandling av personopplysningar

Vår nettside er laga ved hjelp av Wix.com. Dette er ein webutviklingsplattform. Wix er dermed også med på å handtere personleg data tilhøyrande besøkjande til vår nettside. For informasjon om korleis Wix handterer dine (altså besøkjande på vår nettside) personopplysningar, sjå seksjon 8, 12, og 13 av Wix sin Personvernpolicy. For å få innsyn i kva data Wix samlar inn eller om de ynskjer å dataen sletta, sjå seksjon 1 (i denne personvernpolicyen) for korleis de skal gå fram i så tilfelle.

3. Opplysningar som samlast inn

Om leigetakar: Ved bestilling av overnatting via Sunnfjord Booking sine nettsider, altså leige av hus, hytte eller rom, behandlar vi dei personopplysningane du gav opp i samband med din bestilling. Ofte gjeld dette fullstendig namn, telefonnummer, e-post adresse, informasjon om kva som er bestilt og når,  og betalingsinformasjon. Angåande betalingsinformasjon, les seksjon 8. Vi behandlar desse personopplysningane du gav opp i samband med di bestilling ettersom dette er nødvendig for å gjennomføre di bestilling.

4. Informasjonskapslar (Cookies)

Dei aller fleste nettsider brukar informasjonskapslar. Dette er små tekstfiler som blir plassert på datamaskina di, og blir brukt til å forbetre brukaropplevelsen på sida. Dette er alt frå å hjelpe nettsida å hugse kva språk du har valt til å øke sikkerheten. På sunnfjordbooking.no har vi valt å bruke WIX som webutviklingsplattform, WIX sine standard informasjonskapslar blir derfor brukt på sida. Du kan lese meir om desse her.

 

Det finst fleire forskjellige typar informasjonskapslar og det er forskjell på kor lenge dei blir lagra på maskina di. Dei fleste blir sletta når du lukkar nettlesaren, men enkelte vil bli sletta etter eit fast tidsrom (ofte 1-2 veker). Dersom du ønsker å sjå kva informasjonskapslar du har i nettlesaren din eller slette dei kan du følge denne veiledninga.

5. Formål med behandling av personopplysningar

Personopplysningane du oppgjev til oss kan brukast til forskjellege formål, og det avheng av ditt forhold og din bruk av vår nettstad www.sunnfjordbooking.no. Til dømes:

  • Nyttast for å kunne gjennomføre dine bestillingar hos Sunnfjord Booking

  • For å gjere ditt besøk til vår nettstad meir personleg

  • For å informere deg om tilbod og andre tenester

  • For å behandle e-postar til vårt kontaktskjema

  • For å kunne sende deg informasjon du har bedt om

6. Overføring av personopplysningar til andre

Sunnfjord Booking kan gi eit omfang av relevante personopplysningar (typisk ditt namn og dato for din reservasjon) til utleigarar av overnattingstilboda vi har på vår nettside. Dette gjer vi når dette er nødvendig for å gjennomføre di bestilling.

Vi gir ikkje dine opplysningar vidare til andre partnarar  (utanom Wix, les om Wix sin behandling av dine personopplysningar under seksjon 2) utan tydeleg samtykke om dette frå deg.

 

Lagring av personopplysningar skjer ved ei bestilling. Dersom du vel å gjere ei bestilling via vår nettstad, er det eksterne betalingsplattformar som handterer di betaling.  Les meir om dette i seksjon 8.

 

Dersom vi ynskjer å bruke bilete eller video du har tatt under opphaldet eller av deg som marknadsføring, anten på vår nettstad eller på våre sosiale mediar, så vil vi be om samtykke før bruk. Dersom du samtykker, men vil trekke tilbake ditt samtykke kan du når som helst kontakte oss via vår e-postadresse sunnfjordbooking@gmail.com.

7. Tidsrom for lagring av personopplysningar

Sunnfjord Booking lagrar dine personlege opplysningar berre så lenge det er nødvendig for å kunne gjennomføre det relevante formålet, altså di bestilling. Etter ditt besøk eller ved avbestilling av ditt besøk, vil vi slette dine personlege opplysninger så lenge det ikkje framgår årsaker, for eksempel hærverk, under ditt besøk som gjer at vi må ta vare på dei. Les meir om dette under våre leigevilkår.


Vi kan lagre din e-post adresse for å sende ut nyheitsbrev og tilbod vi trur kan vere relevante for deg, men du kan når som helst be om at dette stopper og at vi sluttar å  lagre din e-post adresse. Dersom du vil be om dette, send oss e-post til sunnfjordbooking@gmail.com. Du kan også be oss om å slette dine personopplysningar eller få innsyn i desse ved å sende oss ein e-post, les meir om dette i seksjon 1, 2 og 9.  Dersom du ber oss slette din data og vi gjer det, er det ingen garanti for at det også blir sletta i eksterne aktørar som betalingsplattformene Paypal og Stripe, så desse må de kontakte direkte. Les meir om betaling i seksjon 8.

8. Betaling

Når ein gjer ei bestilling av overnatting på vår nettstad får ein val om korleis ein vil betale, antan via paypal eller med kredittkort. Dersom du vel å betale med kredittkort direkte på vår nettstad skjer dette gjennom betalingsplatformen Stripe. Du kan også betale med kredittkort gjennom Paypal.Ved å betale aksepterer du at dette er eksterne aktører med eigne retningslinjer og eigne erklæringar for personvern. Dersom de ynskjer at desse aktørane skal slette din data, må de kontakte dei direkte. Paypal sin Personvernpolicy finn de her. Stripe sin Personvernpolicy finn de her.

9. Dine rettar

  • Du har alltid rett til å bli informert om kva opplysningar Sunnfjord Booking og Wix, vår webutviklingsplattform, har registeret om deg.

  • Du har rett til å få desse opplysningane endra dersom du finn feil i desse.

  • Du har rett til å få ein kopi av personopplysningane vi behandlar.

  • Du har rett til å få dine personopplysningar sletta dersom opplysningane ikkje lenger er relevante eller nødvendige for å oppfylle formålet dei vart samla inn for, altså bestilling av overnatting, eller dersom behandlinga av personopplysningane er ulovleg.

  • Du har rett til å be Sunnfjord Booking om å avgrense behandlinga av personopplysningane dine.

  • Du har rett til å trekke tilbake ditt samtykke dersom vi behandlar dine personopplysningar basert
    på ditt samtykke.

  • Du har rett til å be oss om å slutte å sende marknadsføring til deg.

  • Du har rett å levere inn ein klage til tilsynsmyndighet.

 

Alle spørsmål du har knytt til dine rettar kan sendast til vår e-post: sunnfjordbooking@gmail.com.

10. Andre nettstader

Vår nettstad, www.sunnfjordbooking.no, kan innehalde lenkjer til andre nettsted. Denne personvernpolicyen gjeld derimot berre for vår nettstad.

 

11. Oppdatering av personvernpolicyen vår

Vi vil jamleg gå igjennom vår personvernpolicy.

Denne personvernpolicyen vart oppdatert i februar 2019.

 

Alle spørsmål du har knytt til personvern kan sendast til vår e-post: sunnfjordbooking@gmail.com

2. Wix sin behandlig av personopplysningar
1. Ansvar for personvern
3. Opplysningar som samlast inn
5. Fomål med behandling av personopplysningar
6. Overføring av personopplysningar til andre
7. Tidsrom for lagring av personopplysningar
8. Betaling
9. Dine rettar
10. Andre nettstader
11. Oppdatering av persnvernpolicyen vår
4. Informasjonskapslar (cookies)
bottom of page